Kreativitet og Laban…

I dagens samfunn er det mange inntrykk i løpet av ein dag, og vi er flinke til å distrahere oss sjølve.

Internett, smarttelefonar, musikk og sosiale media er ting vi brukar for å «bruke opp» ledig tid. Tid til refleksjon over tankar som dukkar opp er i alle fall eg tidvis dårleg til.

Har gjort eit lite eksperiment den siste tida. Ved roleg trening så har eg droppa å høyre på musikk eller podcast og heller spinne vidare på tankar som dukkar opp.

For å gje eit lite innblikk kva som kan bli resultat over slikt, så kan vi bruke ein tur i skogen i dag som eit eksempel.

For nokre år sidan lærte eg av ein syklist at smågodt og seigmenn, det er gode greier å ha med på langtur, for rask tilgang på energi. Difor har eg ofte nokre Laba seigmenn (og -damer) med på tur. Ofte vert dei urørt, av og til spist, eller brukt til kreativ fotoshoot.

Tilbake til turen. Velkjent terreng i heimlege trakter. Iløpet av turen dukka bildet av seigmenn på høgdetrening opp, og kreativiteten byrja å ta tak. Kva om dei trente CrossFit, kva remedier ville dei ha tilgjengelig ute i skogen..

CrossFit WO(O)D – the Laban Way

Pinnar er det flust av i skogen, mest sannsynleg som ein tømmerstokk for oss😅

Så måtte ein ha namn på øvelsar:

Markløft med pinne

«Push the reindeer»

Burpees over pinne..

Wallballs på pinne (ingen vegg i sikte)

Wallballs er jo og en klassiker i CrossFit, så det måtte med.

Eg er ingen fotograf, men akkurat å bruke litt tid på å ta bilde av seigmenn, det finn eg litt barnsleg glede i.😁

Slike turar er rett og slett litt artig og tida går fort. Tankar og idear tek kvarandre, nokre vert med vidare og andre forkasta.

Laban gjengen var for øvrig ferdig med økta rett etter at eg traff dei, så dei vart med på heimturen. På vegen ned igjen så måtte dei sjølvsagt stoppe for å sjå litt på den vakre naturen vi har.

Glaning på fin natur

Det er nesten slik at ein trur at ein er litt «småtussete» når ein kjem på slikt, men eg har trua på at det er sunt. Det er så mykje alvor i dagens samfunn, og alt går så fort, at eg trur det er viktig å finne noko der ein berre «soner litt ut» og lar tankar og kreativitet gå sin gang.

Det å vere seriøs bør ikkje vere nokon stoppar for å vere både leiken og kreativ når det høver.

Ønskjer at alle får ei riktig god jul!🎄 🎅

-kleppis-