Eg er opptatt av å lære meir om ulike mekanismer som går igjen hos oss. Både privat og i samanheng med arbeid, så er vanar noko som går igjen, både bevisst og ubevisst.
Sidan eg likar å lese, så har eg lest “Vanens makt” av Charles Duhigg. Har nettopp tatt den opp igjen, for å lese gjennom ein gong til. 🙂 Denne boka er interesseant lesing når det gjeld korleis vaner fungerer, og korleis ein kan etablere dei.

Vanesirkelen beskriv korleis ei vane/rutine er:
Trigger/Signal -> Aktivitet -> Belønning
Dette gjeld uavhengig av om ein vane er god eller dårleg.

Mange av dei rutinane ein har i dagleglivet er ganske fastspikra. Det enklaste er vel til dømes tannpuss. Godt innarbeid og ein slepp å tenkje. Som regel 2 gonger for dag, morgon og kveld.
Den enkle belønninga her er reine tenner og forhåpentlegvis skryt hos tannlegen når ein er til rutinesjekk.
For eigen del så synest eg at det kan vere vanskeleg å innarbeide nye vaner. Ta til dømes trening, noke som er viktig for meg, både for å ta vare på helsa, men og for å kunne bruke som avkobling frå alt som skjer både på arbeid og utanom.
Bestemte meg for nokre år tilbake at eg skulle trene tidleg før jobb 1 dag i veka. Status idag er at dette er no blitt til 2 morgonar, måndag og tysdag, der fleire møtest nokonlunde fast for ei god treningsøkt.
Det er like hardt å stå opp kvar gong, men ein veit at belønninga i andre enden er godfølelsen etter å ha gjennomført ei økt og brukt kroppen litt. Og det er litt lettare når ein har forplikta seg til å møte opp ilag med andre.
Det er ikkje alle vaner som er like enkle å halde, gjerne dersom dei ber preg av å vere “kjedelige”. Eg likar godt å ta notat, men har vore såpass gamaldags at eg har mykje notert på papir. Det ser ikkje heilt bra ut når eg arbeider innan IT.
Bestemte meg i starten av 2025 at eg skulle bli flinkare å ta notat på pc. Valget falt på å bruke Xmind, som er et program eg likar godt og har brukt til å strukturere informasjon.
For min del fungerer tankekart godt sidan eg likar å visualisere ting.

Status idag er at eg notert det aller meste på pc i heile 2025, og det er lagt opp tankekart for kvar veke. Denne rutina har faktisk vore litt hard å etablere. I veker med mykje stress og ad-hoc arbeid har eg tatt meg sjølv i å gå tilbake til notatboka.
Men den er etablert, og no er notat elektronisk. Om eg skulle skrive noke på et papir, så blir det ført inn i etterkant.
Snart er 2026 her, og eg har begynt å tenkje litt på kva eg kan etablere av nye vaner, eller måten å gjere ting då.
Har eit par ting på tapetet allereie:
- Jamnlege postar på sida mi, som kan brukast anten på Linkedin eller andre sosiale media.
- Faste punkt i veka for å lære noko nytt i samanheng med jobb.
- Vere flinkare til å uttrykke meiningane mine i fora/diskusjonar der eg vanlegvis kan brenne inne med synspunkt som kan vere verdifulle.
- Vere endå flinkare til å gi positiv feedback (dette har vore eit av måla mine i 2025 og, men det er like aktuelt i 2026). Positive tilbakemeldingar er viktig. Send ei melding til nokon du synest fortener det.